Det er næringslivsportalen Nett.no som har funne fram tala som Opplysningrådet for veitrafikken har samla saman. Dei viser at det til no i år har blitt seld fleire bilar på Sunnmøre enn på same tid i fjor. Ved utgangen av november hadde bilforhandlarane seld 3.501 personbilar, mot 3.385 på same tid i fjor. Ein auke på 3,4 prosent, godt over landsgjennomsnittet på 2,5 prosent.

Liten effekt på salet

Det ser med andre ord ikkje ut til at krisa i olje- og gassnæringane har hatt den store innverknaden på bilsalet.

Det viser seg også at salet av BMW aukar mest, medan Volvo er den store taparen på salsstatistikkane.

BMW har auka med 27 prosent, medan Volvo-salet har gått ned med 19,2 prosent.