Om lag 60 ferjesamband kring om i landet skal etter kvart leggast ut på anbod. Fylkeskommunane kan få støtte til å utforme anbod med nye miljøkrav som er tilpassa ferjer som drivast av strøm, biodrivstoff eller andre alternative energikjelder. Det skriv NTB.
– Ordninga vil bidra til at både fylka og næringslivet får eit puff, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.
Akkurat korleis desse 65 millionar kronene regjeringa no vil ha med som ein del av det reviderte statsbudsjettet skal nyttast, er førebels ikkje heilt klart. Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet er uansett einige med støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre om at millionane skal på plass i det reviderte budsjettet.
– Støtta skal blant anna gå til utvikling av ny teknologi, kor norske verft er heilt i front, seier Ola Elvestuen (V), som leiar energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Verdas første elferje er allereie i drift. Den går i rute mellom Lavik og Oppedal i Sogn og Fjordane. Denne ferja blei bygd ved eit verft i Hardanger, og regjeringa håpar no at miljøvenleg teknologi på skip vil bli eit av dei stadig større satsingsområda for norsk industri.