I ei børsmelding datert tysdag morgon går det fram at Havila Shipping ASA sel to nye skip, ankerhandterarane (AHTS) Posh Vibrant og Posh Virtue. Fartøya skal overleverast til sin nye eigar i løpet av første halvdelen av november månad.

I lys av avtalen vil talet på aksjar i Havila Shipping auke med ca. 124 millionar aksjar til ein total på 1,891 milliardar aksjar. Salet av båtane vil ikkje ha nokon effekt verken på resultatet eller likviditeten i selskapet.

Eigenkapitalverdien av gjeldskonvertering i Havila Shipping ASA blei innrekna i eigenkapitalen ved gjennomføringa av restruktureringa 28. februar i år. Salet vil difor berre føre til ei lita justering i eigenkapitalen til selskapet.

Havila sitt hovudkontor på Mjølstadneset i Herøy. Foto: Arkiv.