Skal levere reinsesystem til Olympic sine havvindfartøy
Herøy-verksemda Norwegian Greentech skal levere ballastvatnreinsesystem til to havvindfartøy som Ulstein Verft skal byggje for Olympic Group.
Skal levere reinsesystem: Dette er ein illustrasjon som viser korleis ein ser føre seg dei nye havvindskipa Ulstein Verft skal byggje for Herøy-reiarlaget Olympic. Også Herøy-baserte Norwegian Greentech skal levere ballastreinsesystem til dei to fartøya som er kontrahert - med ein opsjon på levering også til dei to reiarlaget har opsjon på bygging av.
Foto: Ulstein.