Jernia skal ut av Øyehols Varehus i Saunesmarka, og det er inntil vidare kroken på døra for verksemda i Ulsteinvik. Jernvareforretninga må vike for ein ny aktør. Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til er det ein stor aktør som skal inn i bygget, men kva for aktør er ikkje offisielt enno.

- Det blir ein spanande ny leigetakar, såpass kan vi seie. Det vil bli ein fin tilvekst til handelsnæringa i Ulsteinvik, fortel Tore Øyehol til Vikebladet Vestposten.

Avtalen med den nye leigetakaren gjer at ein må frigjere plass, og difor må Jernia vike, i tillegg til at ekstra plass må frigjerast. Den nye leigetakaren vil trenge opp i mot 1.400 kvadratmeter, i forhold til Jernia, som nytta rundt 500 kvadratmeter.