Fartøya Island Valiant og Island Constructor har sikra seg jobb på Draugenfeltet for A/S Norske Shell utover våren og sommaren.

Island Valiant tek til med såkalla IMR-arbeid (Inspection, Maintenance and Repair) på tre brønnar i april, eit oppdrag som varer i ca to veker. Dette for å førebu jobben som Island Constructor skal gjere seinare på sommaren.

Island Constructor er tildelt tre jobbar av ulik lengd, og startar først på forsommaren med lett brønnintervensjon samt såkalla scale squeeze på to brønnar på Draugen. Deretter vert Island Constructor hyra inn att for to oppdrag i august-september med lett brønnintervensjonsarbeid samt IMR arbeid.

Totalt har desse kontraktene ein verdi på omlag NOK 100 millionar  for Island Offshore.

I tillegg til Island Constructor har no dei to andre brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier teke til på sine faste kontrakter, med oppstart 1. april. Desse to fartøya har kontrakt med Statoil på 200 dagar fast per år fram til 2020, melder reiarlaget i ei pressemelding.

- Dette er kjærkome arbeid etter ein tøff vinter der brønnintervensjonsbåtane våre har vore i vinteropplag. Det er svært gledeleg å sjå folka våre og båtane mobilisere og kome seg i arbeid igjen når sesongen no tek til, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.