I helga vart «Havila Charisma» døypt på Bryggen i Bergen. Skipet ereit Havyard 833 L-design og har vorte bygd ved Havyard Group sittverft i Leirvik i Sogn.
Administrerande direktør i Havila Shipping,Njål Sævik, fortel at reiarlaget bestemte seg for å utvikle ogtilby eit nybygg etter at Statoil gikk ut med anbod om eifemårskontrakt.
– Vi bestemte oss for å lage ein båt som møtte alledei krava Statoil stilte. «Havila Charisma» gikk av med sigeren someinaste nybygg, saman med to andre alt eksisterande båtar, fortelSævik.
«Havila Charisma», som er eit Havyard 833 L-design, harvorte bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik. Etter dåpenreiste skipet rett i operasjon for Statoil. Båten skal rett inn pålangtidskontrakt med Statoil, og i byrjinga skal skipet gå inn ogut frå basa på Mongstad.
– Designen var delvis utvikla men vi villetilpasse båten Statoilanbodet, mellom anna med tanke pådrivstoff-forbruket og fleksibiliteten til å frakte mangeforskjellege lasttypar, seier Sævik, og understreker at «HavilaCharisma» verkeleg er ein miljøvinnar.
– «Havila Charisma» er einfleksibel arbeidsbåt. Vi har optimalisert skipet for å få han bestmed tanke på dei kondisjonane skipet skal segle i. På bakgrunn averfaringar vi har gjort tidligare har vi optimalisert skrogforma.Dieselgeneratorane som driv skipet er utvikla og utstyrt for storereduksjonar i utslepp av skadelige miljøgassar, forklarar Sævik.
Sævik understreker at det er viktig for Havila å ha eit stort fokuspå miljø. Dette er eit krav kundar, som Statoil, stiller tilreiarane.
– For oss er det viktig å tenke på miljøet. Havila har eimoderne flåte, og vi er nok blant dei mest miljøvennlege reiarlagaper i dag. Basert på de siste målingane vi har gjort vil eg påståat «Havila Charisma» er mellom dei mest miljøvennlege båtane iverda, seier han.
Målingane som har vorte gjort på prøveturen til«Havila Charisma» har vore basert på den reelle lastkondisjonen einbåt har då han opererar, i staden for ein vanleg prøveturkondisjon,som ikkje er så relevant.
- Det har vært viktig å testedrivstoff-forbruket i realistiske lastkondisjonar. Måleparameteraviser at drivstoff-forbruket er mykje lågare enn vi hadde reknamed, noko som er svært positivt, seier Sævik.
Båten vart overlevertfrå Havyard til Havila på det noko spesielle tidspunktet klokka12.12 den 12.12.12. Dette er fleire dagar før kontraktfesta dato.
–Båten vart levert før tida og vi er imponerte over innsatsen tilHavyard og spesielt til prosjektteamet. Vi har heile vegen hatt eitgodt samarbeid, og vi synest Havyard har levert eit godt produkt,seier Sævik. Også verftsdirektør ved Havyard Ship Technology iLeirvik, Trygve Solaas, er godt nøgd med sluttproduktet.
– Vi harheile vegen hatt ein god dialog med Havila Shipping og alt har gåttetter planen. Vi leverte eit ferdig og godt uttesta farty nokredagar før kontraktsfesta dato, noko vi er stolte over, fortelSolaas.
Verftsdirektøren understrekar at det i tida framover vilverte satsa enda meir på grøn teknologi og «grøne båtar». Eitviktig ledd i denne planen er at utslepp av farlege gassar vertredusert. Testane som vart gjort under sjøprøvene før leveringviste ekstremt låge verdiar for utslepp av nitrøse gassar. Statoilstiller krav til 90 % NOX-reduksjon. Under prøveturen viste det segat «Havila Charisma» har heile 99,8 % NOX-reduksjon. Eit annaområde der skipet har oppnådd spesielt gode resultat er støy- ogvibrasjonsnivået i innreiinga. Havila Charisma vart spesifisert forå møte DnV sin Comfort V(3) klasse, men med dei tekniske ogpraktiske løysningane som vart valt under bygginga viste det seg atden tilfredsstilte kriteria til ei høgare klasse, Comfort V(2).
–Vi er sikre på at både reiarlaget, Statoil og ikkje minstmannskapet vil sette stor pris på dette. «Havila Charisma» erverkeleg ein unik båt i si klasse, avsluttar verftsdirektør TrygveSolaas.