Endeleg val av NHOs president skjer på NHOs generalforsamling 11. juni 2013. Tore Ulstein er i dag visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group ASA. Han er utdanna sivilingeniør og har også ei doktorgrad frå NTNU.- Det er ei ære å bli spurt og eg er takknemleg for tilliten. Eg ser på dette som ei spennande utfordring. Dersom eg blir endeleg valt så vil eg ta fatt på arbeidet med stor interesse og motivasjon, seier Tore Ulstein.Presidentvervet er eit tillitsverv der ein blir valt for 2+2 år. Tore Ulstein vil halde fram som både visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group.Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Noreg.