Island Offshore er gjennom prinsippavtalar einige med bankane sine kring ei restrukturering, og sjølv om litt arbeid framleis står att, er ei løysing på dei finansielle utfordringane innan rekkevidd.
Island Offshore sin viseadministrerande direktør Tommy Walaunet (t.v.) og administrerande direktør Håvard Ulstein er begge optimistiske med tanke på å få på plass ein restruktureringsavtale for reiarlaget i løpet av hausten. Dei fortel at dei unngår å måtte hente inn eksterne investorar, som kunne gjort at Ulstein-familien hadde mista kontrollen i selskapet. Eit eksempel på nettopp det er Kleven-konsernet, og i bakgrunnen her ser ein Kleven Verft.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.