Seismikkskipet Sanco Sword, som er bygd av Kleven, taua verdas største flytande objekt utanfor kysten av Myanmar. Det skriv Maritime.no.

- Det er mykje som skal stemme og store krefter er i sving, men no har vi taua breiare enn nokon andre, seier Bjarne Stavenes i Dolphin Geophysical.

Sanco Sword frå Sanco Shipping stod for eit enorm seismisk slep, der skipet slepte 12 lyttekablar, eller såkalla streamers. Storleiken på slepet er på heile 7050 meters lengde og 1850 meters breidde. Det er det største slepet som er gjennomført nokosinne, ifølgje Dolphin Geophysical.

Sanco Sword og Dolphin Geophysical vann anbodet om jobben, i konkurranse med mange, store aktørar.

Til Vestlandsnytt fortel adimistrerande direktør i Sanco Shipping, Ivar Slettevoll, at det er svært få seismikkskip som maktar å handtere slike slep som Sanco Sword no har blitt kjend for. I området utanfor kysten av Myanmar er det eit areal på 10.000 kvadratkilometer som skal undersøkjast, og jobben er venta å ta tre månedar.