– Sjølv om kontraheringa av ny tonnasje har stoppa opp, er det eit stort antal offshorefartøy som er bestilte. Det vil dermed ta tid før overkapasiteten i marknaden er absorbert, fastslår styret i Farstad i rapporten for fjoråret. Det skriv Nett.no.

Farstad har i dag 57 skip i flåten sin, men prosenten av desse som er på kontrakter minkar, og det raskt. Ved utgangen av februar i år var kontraktsdekninga på 54 prosent. I 2017 forventar styret eit tal på låge 44 prosent.

Farstad Shipping hadde eit negativt resultat på heile 813 millionar kroner i minus i 2015, og gjelda var då vi gjekk inn i eit nytt år på enorme 12,3 milliardar kroner.

Styret i reiarlaget forventar også at stadig fleire reiarlag må legge skip i opplag.