Maskintilbydaren Pon Cat (Caterpillar) arrangerer i desse dagar ein maskinkonvoi som går landet rundt. To konvoiar går parallelt, der den eine går frå Røros til Tromsø og den andre frå Hellevik til Kristiansund. Med det fekk Fosnavåg besøk av konvoien då den stoppa på Mjølstadneset tysdag ettermiddag.

Stor merksemd

I Fosnavåg treff vi ulike representantar frå konvoien. Då blant anna Fredrik Sætre, Anina Breivik, salskonsulent Karstein Yttervik og salssjef Helge Opheim frå Pon Cat. I tillegg var Heidi Thomassen frå Cat Finans, Tom Erik Levingen frå Sitech og salskonsulent Helge Antonsen og Bjørn Vinje frå MAN Ålesund også til stades.

Representantar frå Pon Cat fortel at dei sist vitja Ørsta før dei kom til Fosnavåg, og at fleire møtte fram.

– Vi hadde stand med demonstrasjon av både maskiner og lastebilar. Både i Ørsta og dei andre stoppestadene merka vi at folk strøymde til etter klokka 14. Så mange som 65 personar var innom konvoien i Ørsta trass snøvêret. Så oppmøtet og interessa var svært bra. Vi har like gode forventingar til Fosnavåg, vedgår dei.

På tur med MAN Ålesund

Konvoien er eit samarbeid mellom Pon Cat og lastebiltilbydaren MAN. I tillegg til dei 13 maskinene til Pon Cat på mellom 900 kilo og 28 tonn, stilte MAN Ålesund opp med to topp moderne tippbilar til demonstrasjon.

Salskonsulent Eldar Antonsen fortel at bilane inneheld den siste teknologien som trengst for å utføre ei trygg og ikkje minst lønsam anleggsdrift.

– Desse bilane er utvikla med tanke på dei spesielle krava som blir stilt for trekkvogner og anleggstrafikk. Takka vera dei mange driftstypene for 18–41 tonn – taklar desse bilane ei kvar utfordring, fortel Antonsen.

Bilane dei hadde med seg til Fosnavåg hadde tilkoplingsbar framhjulsdrift med eit system kalla HydroDrive, som gir blant anna auka trekkraft og dreiemoment inne på eit anlegg. Bilane hadde også TipMatic-girkasse som er med på å auke effektiviteten og køyrekomforten.

– Det er svært kjekt for oss i MAN å ta del i ein slik omfattande convoy. Vi har vore med frå Nordfjordeid. I likskap med Pon Cat, tykkjer vi det er ein fordel å kome i dialog med kunden der kunden høyrer heime. Vi skal følgje konvoien til Sunndalsøra, der eit nytt team frå MAN tek over for oss. Vi gler oss til turen vidare, fortel Antonsen.

Til midten av juni

Som tidlegare nemnt, starta konvoien i Yttervik, med Kristiansund som siste destinasjon på turneplanen. Onsdag gjekk turen til industriområdet på Dignernesskiftet i Skodje kommune.

Lokale maskinentreprenørar får i oppgåve med å flytte konvoien frå stad til stad.

Stand inne på området på Mjølstadneset Foto: Joar Ødegård
Ulike maskiner på mellom 900 kilo og 28 tonn med på konvoi. Foto: Joar Ødegård
Tippbilar frå MAN Ålesund Foto: Joar Ødegård
Maskiner og stand på Mjølstadneset Foto: Joar Ødegård