For passasjerar vil systemet bli kalla ALTi (Avinor lufttrafikkinformasjon) og vil kunne gje meir presis og raskare informasjon om forseinkingar og rutetilbod. Informasjonen vil bli distribuert gjennom alle kommunikasjonskanalar som mobil, internett og monitorar på lufthamna.

– Avinor ønskjer å tilby passasjerar, kundar og alle aktørar på lufthamnene raskare og meir presis informasjon om alle operasjonane som gjennomførast. ALTi er eit innovativt og viktig bidrag i dette arbeidet, seier konsernsjef i Avinor, Dag Falk-Petersen.

Systemet, som leverast av britiske Amor Group til ein prislapp på om lag 40 millionar kroner, vil ved sidan av betre publikumsinformasjon kunne gi meir effektiv bagasjehandtering, redusere flya sitt drivstofforbruk og gje betre utnytting av luftrommet.

Kortare parkeringstid og betre punktlegheit

For fly- og handlingsselskap vil ALTi levere ei rekkje tenester som kan styrke punktlegheita, redusere opphaldet på lufthamna, redusere drivstofforbruket og effektivisere logistikken.

Prosjektleiar Flemming Hølvold forklarer:

– På ei lufthamn er det fleire operasjonar som er avhengige av kvarandre. Eit handlingsselskap som skal handtere bagasjen treng mest muleg nøyaktig informasjon om når flyet er ved gate for å bruke personell og utstyr på ein effektiv måte.

Eit fly som har enda meir presis informasjon om når det kan forlate gate, kan redusere drivstoffbruket.

En del av SESAR

ALTi-systemet har også tilknyting til SESAR (Single European Sky)-programmet som jobbar for eit meir effektivt luftrom i heile Europa og vil gjera logistikken knytt til flyreiser enklare.

– ALTi gjer at Avinor kan levere betre tenester i luftrommet også. Meir nøyaktig prognose for take off gir betre kapasitetsutnytting i luftrommet, seier Hølvold.

Og for lufthamnene vil systemet blant anna gjera det enklare å planlegge brøyting, vedlikehald og tekniske inspeksjonar – og gje ei betre utnytting av flyparkeringsplassar og gater.

– Det er eit monaleg informasjonsløft vi står føre, avrundar Hølvold.