Det Herøy-baserte reiarlaget har forhandla seg fram ein såkalla "standstill-avtale" med lånegjevarane sine, ifølgje ei børsmelding frå selskapet.

Reiarlaget skal framleis betale renter på låna, men får avdragsfriheit fram til 16. september.

I børsmeldinga kjem det også fram at reiarlaget skal halde drifta som normalt framover, og at denne endringa ikkje får andre følgjer.

Olympic Shipping har engasjert Fearnley Securities og EY som finansielle rådgjevarar og Wiersholm som juridisk rådgjevarar, for å finne ei meir langsiktig løysing med tida.