Det norske skipsbyggingskonsernet Kleven skal byggje inntil fire nye skip for Hurtigruten. Kleven Verft i Ulsteinvik byggjer dei to første skipa.

Torsdag presenterte Hurtigruten og Kleven ein intensjonsavtale om å byggje to nye hurtigruter som skal leverast i 2018 og 2019. Avtalen inkluderer også opsjon på bygging av ytterlegare to nye skip. Etter det NTB forstår vil kvart enkelt av skipa koste over 1 milliard kroner.

– Sjølv om det ikkje skulle bli fire skip til slutt, vil dette vere den største kontrakten vi nokon gong har inngått. Vi har ikkje lyst å gå inn på summane, men dette dreier seg om ein kontrakt på fleire milliardar kroner, seier Hurtigrutens konsernsjef Daniel Skjeldam til NTB.

Miljøteknologi

Skipa er designa av Rolls-Royce Marine i samarbeid med den norske yachtdesignaren Espen Øino.

– Dette er ein intensjonsavtale. I det ligg det at vi går inn i sluttforhandlingar med Kleven no. Skipsdesignet er ikkje 100 prosent ferdigstilt. Saman med Kleven, Bellona og Rolls-Royce skal vi no sjå på kva type miljøteknologi skipa skal få, seier Skjeldam.

Ikkje ny strategi

Dei nye skipa skal ha om lag 300 lugarar og plass til 600 passasjerar. Dei skal både kunne gå som ekspedisjonsskip i polare farvatn og kunne inngå i flåten som går langs norskekysten.

– Dette inneber ikkje eit skifte i strategi frå vår side. Vi har sagt at vi satsar sterkt på norskekysten, og at vi også satsar sterkt på eksplorercruise. Norskekysten og vår posisjon som riksveg nummer 1 blir sjølvsagt like viktig som den har vore, seier konsernsjefen.

Omstilling

Hurtigruten har dei siste tre åra vore gjennom ein kraftig omstillingsprosess og er ikkje lenger på norske hender etter at det britiske investeringsfondet TDR Capital i 2014 overtok aksjemajoriteten i selskapet.

– Vi har vore gjennom ei tøff og lang omstilling, og har ikkje tent pengar på hurtigrutedrifta sidan 90-talet. No har vi vore gjennom tre år med omstilling, og snudd store raude tal til positive tal for selskapet. No ser vi store moglegheiter i norsk reiselivsnæring og i internasjonalt reiseliv. Denne satsinga er ei naturleg fortsetting av omstillinga vi har vore gjennom, seier Skjeldam til NTB.

Tillitsvotum

Kleven vann fram i konkurranse med 11 andre verft over heile verda.

– Det er ikkje gitt at vi skulle velje eit norsk verft. Dette er eit tillitsvotum til norsk verftsindustri, seier Skjeldam.

Også for Kleven vil hurtigrutekontrakten vere ein av dei største i historia til selskapet. Ifølgje administrerande direktør Ståle Rasmussen vil oppdraget bety auka aktivitet i Ulsteinvik i åra framover.

– Vi ser for oss at 150 til 200 verftstilsette vil vere involverte til kvar tid, i tillegg til to til tre gonger så mange på underleverandørsida, seier Rasmussen.

Fakta om nye hurtigruter:

* Dei nye hurtigrutene vil vere spesialdesigna ekspedisjonsskip for polare farvatn, men vil også kunne inngå i flåten av skip som seglar langs norskekysten.

* Vil ta 600 passasjerar og ha om lag 300 lugarar.

* Dimensjonar: Lengd 140 meter, breidde 23 meter, høgde 29 meter.

* Ifølgje intensjonsavtalen blir det første skipet levert i juni 2018, det andre eitt år seinare. Avtalen gir opsjon på ytterlegare to skip.