- Det påverkar oss i stor grad, slår hotellsjef Brynhild Ulstein fast på spørsmål om korleis hotellet opplever Ulstein Cup, der dei norske Handballjentene varmar opp til OL i Rio de Janeiro med firenasjonarsturnering i Ulsteinvik.

Sjølve turneringa startar først torsdag, men då har Handballjentene allereie budd i Ulsteinvik i ei veke.

- Det påverkar oss veldig positivt, det gir oss fullt hus og faktisk venteliste i ei periode der vi vanlegvis har lågsesong, fortel Ulstein.

No er hotellet i staden vertskap for både spelarar, støtteapparat, presse og andre som kjem til Ulsteinvik for å følgje turneringa.

Positivt med nye anlegg

Hotellsjefen fortel at både Ulsteinhallen og nye Høddvoll har gitt svært positiv effekt for hotellet, spesielt sidan dei fleste arrangementa som blir lagt dit går føre seg i helgane.

- Businessreisande er vår primærmarknad, men det gjeld hovudsakleg i vekene. Difor betyr det mykje når det også blir fleire arrangement i helgane, fortel Ulstein.

Les også: Vekst og nye moglegheiter

Det er heller ikkje berre overnattingane som er positivt for hotellet.

- No med Ulstein Cup så er det veldig kjekt at det er eit arrangement som får så mykje presseomtale. Det gir stor markandsverdi.

Og erfaringane med dei norske Handballjentene er gode.

- Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar så langt, men vi har også tett kontakt med støtteapparatet og dei rundt laget, fortel Ulstein som forsikrar om at hotellet gjer det dei kan for at OL-håpa skal få ei god oppladning til Rio-leikane.