Ei heilt ny verd vil opne seg etter at selskapet, med kun tretilsette, i førre veke fekk den etterlengta meldinga om at dei harfått tildelt Det Norske Veritas(DNV) sertifikat for handsaming avballastvatn om bord i båtar. Det har teke tre år, og kostamoderverksemda MMC over 20 millionar kroner, å oppnå dennetypegodkjenning av selskapet sitt rensesystem. Havyard Group ASsikra nyleg seg aksjemajoriteten i MMC.

Det er utforma eit eigeregelverk for rensing av ballastvatn om bord i båtar som opererer iinternasjonalt farvatn med tanke på å redusere risikoen forsmittespreiing og forureining via ballastvann, og når detteregelverket nå snart trer i kraft vil marknaden for godkjenderensesystem formelig eksplodere båe med tanke på etter-installeringpå eksisterande skip og på nybygg over heile verda.

Enorme moglegheiter

- Det har vore ein krevjande, utfordrande og ikkjeminst lærerik prosess med mykje forsking, utvikling og testing, ogmed denne godkjenninga vil vi verkelig stå lengst framme med tankepå levering av rensesystem til båtar over heile verda. I Norge erdet berre fire selskap som har oppnådd godkjenning, og det å selgeslike system frå Norge til utlandet utan sertifikat er nestenumogeleg, seier marknadssjef Børge Gjelseth som saman med dei toandre tilsette - broren Håvard og onkelen Terje Gjelseth, feira detheile med «sertifikatdekorert» kake i kontorlokala påMjølstadneset.

Selskapet skal meir enn doble talet på tilsetteallereie neste år, og ser ikkje bort frå ei tidobling av tilsette iløpet av dei tre-fire neste åra. –Det er potensiale for einomsetnad på fleire hundrede millionar kroner, seier marknadssjefen.

- Ja, vi kan trygt karakterisere dette som den største milepælen iselskapet si historie, seier teknisk sjef Terje Gjelseth som harjobba i selskapet frå fyrste dag.

Og Børge gir då også onkelenhovudæra for utviklinga av systemet.

- Med lang fartstid sommaskinsjef skal Terje ha mykje av æra for at systemet er eitt avdei mest kompakte av denne typen på verdsmarknaden. Terje veit ogsåkor viktig det er å kunne stole på at systema om bord fungereroptimalt til sine formål. Vi har valt seriøse europeiskeleverandørar på alle kritiske komponentar, så dette er noko eg ertrygg på er eit godt val for våre kundar, understrekar den tekniskesjefen.

Stor tiltru i marknaden

Sjølv om det har vore ein krevjandejobb å få til sal utan å ha endeleg typegodkjenning har selskapetlikevel oppnådd å selge fem system. -Vi opplever stor tiltru imarknaden, spesielt lokalt, seier marknadssjef Børge Gjelseth.

- Forto veker sidan selde vi vort fyrste system til utlandet, nærarebestemt til eit verft i Spania. Det er svært gledelig å sjå at vier konkurransedyktige også i Europa. Vi jobbar aktivt saman medvåre samarbeidspartnarar i Singapore, og vonar no å landekontrakter også der i nær framtid. Vi reknar med at godkjenningavil gi ein god effekt også i Asia, seier Børge.

Klare for utfordringane

Daglig leiar, Håvard Gjelseth, understreker at manparallelt med prosessen med å få godkjenning har jobba aktivt for åfå på plass gode rutiner for effektiv prosjektgjennomføring.

- Deter svært gledelig at vi også har fått fleire sal i denne prosessenslik at vi har fått reell øving på det vi skal jobbe med framover.Dette gjer oss klare til å møte ein stor marknad med korteleveringsfrister, seier den daglige leiaren.

- Vi har ogsågjennomført to oppstartar på systema. Prototypen er aktiv i bruk påHavyard-designen «Havila Subsea», medan det andre anlegget erinstallert på ein båt som overleverast reiar om kort tid, tilføyerden daglige leiaren for MMC Green Technology som har travle ogspanande tider i vente.