Plattformforsyningsfartøyet får no batteri om bord som gir miljøvenleg energi under drift, og som kan ladast med landstrøm. Det er Vard Electro som står for leveringa og monteringa av utstyret.

- Olympic Shipping har frå sitt første nybygg vore oppteke av å ta hensyn til miljø og forbruk. Vi har hatt fokus på å ta vare på miljøet i dag og for framtidige generasjonar. Det er også viktig for oss å kutte kostnadar for våre kundar og i reiarlaget, seier Runar Stave, Chief Technical Officer i Olympic Shipping.

Fartøyet har i dag LNG-drift, med eit dual-fuel system som gir fleksibilitet til å operere fartøyet både på LNG-gass og diesel. Når fartøyet no også får installert batteri om bord, vil dette gi betydelege utslippskutt både i drift og i hamn.

– Ved å bruke eit batteri i tillegg til dagens LNG- og dieseldrift, vil vi kunne redusere talet på motorar som er i gang. I tillegg vil motorane gå meir optimalt. På den måten sparar vi både drivstoff og gangtid på motorane, noko som igjen reduserer vedlikehaldskostnadane våre betrakteleg, forklarar vessel manager Trond Skogen i Olympic Shipping.

Med Olympic Energy vil Statoil få ein av de grønnaste logistikkoperasjonane i verda. Dette er eit nytt og viktig steg for ei bærekraftig utvikling i nordområda, står det i ei pressemelding frå reiarlaget.

Enova støttar prosjektet

Med denne nye batteriløysinga sparar ein energi tilsvarande 400 bustadar, meiner Enova. Tiltaket gir ei energisparing på 8,6 GWh i året, tilsvarande energibruken i over 400 hushaldningar. Enova investerer difor 5,75 millionar kroner med stor tru på at prosjektet vil framskunde ei utvikling med både auka bruk av landstrøm og fleire batterihybridiserte fartøy.