– Fra årskiftet endrar vi turnusordningane, for å kutte kostnadar i tøffe tider, seier administrerende direktør Åge Remøy i Rem Offshore til Maritime.no.

Reiarlaget, med hovudkontor i Fosnavåg, gjer i dag det dei kan for å kutte i kostnadane.

– Vi går frå ein firevekerturnus over til femvekerturnus, medan alle fartøya i Asia og fartsområda langt borte går over til ein seksvekers rotasjonsordning, seier Remøy.

Reaiarlaget held fast på 1:1-turnus, men forskjellen er at mannskapet blir verande lengre ute enn med dagens turnusordning. Tanken er at endringane i rotasjonsplanen vil føre til mindre reising og sparing av reisekostnadar. Dei tilsette har også forståing for det som no blir gjort.

– Dette er avklart med partane, og i fagforeiningane er det forståing for at det i vanskelege tider må innførast nye løysingar for å redusere kostnadar, seier Remøy.

Til no er det tre forsyningsskip reiarlaget har vore nøydde til å ta ut av marknaden.