Fristen for refinansieringsforhandlingane gjekk ut tysdag, og med gjekk også avtalen med Kristian Siem sitt Siem Industries ut. Men, dei to aktørane vil halde fram samarbeidet for å refinansiere selskapet, skriv Farstad i ei børsmelding.

Selskapet vil halde fram med å ikkje betale avdrag og renter på låna sine, og fleirtalet av kreditorane har tidlegare gitt uttrykk for at dei vil støtte refinansieringsplanane til Farstad Shipping slik situasjonen er no.

Siem eig framleis 51 prosent av selskapet, og har garantert for eit kapitalstilskot på ein milliard kroner.