Det heile starta like ved barndomsheimen til John Ansgar Skeide. Broren hans, Arthur Skeide, starta opp ein verkstad i ei bod på heimgarden. Der laga han delar til Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk. Ein fabrikk som Seljeset-familien eigde og drifta. Etter kvart blei også John Ansgar med, og i kjellaren i barndomsheimen blei det nye verkstadlokalet til.

– I 1948 starta dei Skeide Møbelindustri AS saman, og bygde fyrste delen av lokala som den dag i dag står plassert ved sjøkanten på Skeide. På det meste arbeidde 8 mann i verksemda. Tidlegare laga ein både møblar, vindauge, dører og trapper her, fortel sonen til John Ansgar, Steinar Skeide. Han er i dag dagleg leiar for verksemda.

Kjøkkeninnreiing kom også etter kvart. I 1990 tok Steinar og søskena hans over. I dag er det stort sett kjøkken som er satsingsområdet.

– Bror min var disponent ved Hebos-fabrikken i Sør-Trøndelag, og vi byrja difor å selje Hebos-kjøkken. Vi såg etter kvart at vi ynskte å produsere sjølve, og slik blei det til at vi i dag produserer tilnærma alt for eiga hand.

– Trivast med storleiken

Skeide Møbelindustri er truleg den siste verksemda på Søre Sunnmøre som leverer kjøkken som er laga frå botnen av, utanfor eit konsept eller ei kjede.

– Eg veit om ei verksemd på Rovde, men dei trur eg berre produserer benkeplater no. Skal du finne nokon som gjer det vi gjer, så må du nok til Nordfjordeid, seier Steinar Skeide.

Det er berre to tilsette, Steinar og arbeidskollegaen Kjell Schjelderup, og somme gonger sonen til Kjell.

– Vi trivast godt med storleiken på firmaet slik det er no. Det hadde ikkje vore noko problem å ta på oss fleire oppdrag, men då måtte vi ha vore fleire folk. Det er greitt som det er.

Men dei har meir enn nok å gjere, fortel Steinar.

– Vi produserer hovudsakleg kjøkken, og vi lagar alt for hand. Alt du ser her, frontane, dørene, hettene og fleire av benkeplatene lagar vi sjølve. Vi står også for design på kjøkkentypane vi leverer. I tillegg til dette lakkar vi også opp att kjøkkenflater som kundane tek med til oss. Vi gjer i grunnen det meste som kan gjerast med eit kjøkken, og har nok å styre med. Men, vi trivast i jobben vår, seier Steinar til slutt.