Norske reiarlag i utanriksfart ventar både lågare omsetningsvekst og mindre lønsemd dei to neste åra.

Det kjem fram av Norges Rederiforbunds konjunkturrapport. Forbundet peiker på fallande oljepris, auka geopolitiske spenningar og låg og usikker vekst i verdsøkonomien som årsaker til at den maritime næringa får det tøft.

– Ein ser no eit tydeleg negativt omslag på kort tid. 2015 vil bli eit vanskeleg år for norske maritime bedrifter, men vi må vere førebudde på at 2016 kan bli endå meir krevjande, seier administrerande direktør Sturla Henriksen i Norges Rederiforbund.

I år ventar reiarlaga ein omsetningsvekst på 2,3 prosent til 268 milliardar kroner, mot 6 prosent i fjor.

Særleg offshore ser ein eit stort omslag. Der ventar ein at omsetnaden fell for første gong sidan 2002. Mot 9,9 prosent omsetningsvekst i fjor, ventar ein ein nedgang på 4,2 prosent i 2015.

Biletet er noko annleis innan tradisjonell skipsfart. Dei interkontinentale reiarlaga ventar i år ein omsetningsvekst på 5,1 prosent (mot 3,2 prosent i 2014). For reiarlaga med kortare ruter, såkalla short sea-reiarlag, ventar ein ein vekst på 2,5 prosent i omsetnaden (mot 5,5 prosent i 2014).

Totalt sett er reiarlaga betydeleg mindre optimistiske når det gjeld eiga lønnsemd i 2015 enn dei var i fjor. Samla forventar 35 prosent av reiarlaga styrkt driftsresultat, noko 72 prosent trudde på i fjor. Samtidig ventar heile 42 prosent av reiarlaga svekt driftsresultat, mot 8 prosent i fjor.