Både Eidesvik og Siem Offshore har innført denne typen rotasjon, med ein månad på og to månader av, men reiarlaga på Søre Sunnmøre ventar. Det skriv Nett.no. Næringslivsportalen har snakka med toppsjefane i fire av reiarlaga, Olympic Shipping, Rem, Havila og Island Offshore, og alle svarar unisont. 1:2-ordning blir ikkje aktuelt med det fyrste.

– Vi har drøfta dette med våre tillitsvalde, men har ikkje vald den løysinga, seier administrerande direktør Stig Remøy i Olympic Shipping til Nett.no.

Ulstein-reiarlaget Island Offshore er også sikre i si sak.

- Nei, vi er ikkje på dette stillet her no, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore, til same nettstaden.

1:2-ordninga er innført på fire fartøy i Eidesvik Offshore, ein rotasjon som betyr at tre tilsette no deler på den jobben to gjorde før. På denne måten blir det ein månad på jobb for kvar av desse tre, medan ein så må vente to nye månadar før ein kjem på jobb igjen. Slik sparar selskapet 27 prosent av løna til kvar enkelt tilsett. Det gode med ordninga er at selskapet slepp å permittere, og ein held på kompetansen.