Denne månaden er det eitt år sidan superyachten "Ulysses" vart overlevert frå Kleven verft i Ulsteinvik. Yachten vart i si tid kontrahert av Graeme Hart frå New Zealand, som i ettertid har endå ein yacht under produksjon hjå Kleven.

No ligg "Ulysses" ute for sal på nettstaden Fraser Yachts, så om du går med ein draum om å verte yachteigar, kan kanskje den Marin Teknikk-designa "Ulysses" vere noko for deg.

Fartøyet på 107 meter har både helikopterdekk og boblebad, med plass til 30 gjestar og ei besetning på 42. Prisen på yachten er ikkje opplyst.