Første halvår i år hadde Sparebanken Møre eit resultat på 201 millionar kroner. Det er på same nivå som i same periode i fjor.
Isolert for andre kvartal, vart resultatet forbetra med 32 millionar i høve til første kvartal.
- Dei tala vi legg fram for første halvår, saman med dei kapitalmessige grepa banken har gjennomført i andre kvartal, gir eit godt grunnlag for den vidare satsinga vi no legg opp til, seier administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand.
Satsar på næringslivet
Banken har gjennomført ein retta emisjon (auking av aksjekapitalen) for å legg til rette for den vidare satsinga og tilfredsstille dei nye kapitaldekningsreglane for bankar.
- Sparebanken Møre har alltid vore opptatt av å vere ein solid sparebank. Emisjonsprosessen som vart sett i verk i andre kvartal viser dette. I tillegg til at banken kan satse ytterlegare mot næringslivsområdet i fylket gir ein auka eigenkapital tryggleik til å kunne handtere eventuelle økonomiske uroligheiter, seier Fiskerstrand.
Det har mellom anna blitt tilsett ein eigen næringslivssjef for Nordmøre og Romsdal i samband med satsinga på næringslivskundar.