Vekst i blest. Administrerande direktør Bjørn Kvalsund (f.v.) og reiar Stig Remøy i Olympic Shipping slår fast at reiarlaget i 2012 skal gjennomføre eit omfattande vekstprogram. Flåten skal aukast med fire skip, og talet på tilsette skal aukast med 130. Konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime ser føre seg vekst både ved Kleven Verft og Myklebust Verft. Foto: Anne Gry Eilertsen

“Olympic Commander” har typenemninga MT 6015, og er designa av Marin Teknikk. Det er eit multifunksjonelt skip som ifølgje administrerande direktør Bjørn Kvalsund i Olympic Shipping kan vandre frå segment til segment på kort tid. Det kan blant anna gjerast om til subsea eller konstruksjonsoppdrag på nokre veker.

Første med SPS-klasse

Skipet har plass til 60 personar, og har stettar krava til SPS-klasse, som betyr strenge stabilitetskrav, og stor inndeling av vasstette skrog. “Olympic Commander” har same SPS-klasse som cruiseskip, og skal vere det første offshoreskipet i Noreg med denne klassen.

Olympic Shipping har tinga i alt tre skip av denne denne typen hos Kleven Maritime. Det første skal altså døypast i Ålesund laurdag. Nummer to skal vere leveringsklart i juni, nummer tre i november.

Skal auke staben med 130 personar i år

Olympic Shipping har også kontrahert eit fjerde skip hos ein annan skipsbyggjar i år. Totalt har reiarlaget i Herøy tinga skip for om lag 1,6 milliardar kroner i 2012.

Olympic Shipping vart etablert i 1996, med to tilsette. I år skal staben aukast med 130 personar, og talet på tilsette, inkludert sjøfolka, vil då vere oppe i 800 personar.

– Vi kjem til å vekse kraftig i løpet av 2012, og kan vel kalle oss dynamiske konfirmantar, smiler reiar Stig Remøy, og siktar til at selskapet er 15 år i år.

Reiarlaget har no 16 skip i flåten sin, 12 av desse går på langtidskontraktar. Ingen av dei fire skipa som er under bygging, er det inngått kontraktar for. Men det skremmer ikkje reiar Stig Remøy.

– Vi er heilt overtydde om at “Olympic Commander” og søsterskipa har eit design som vil bli ettertrakta.

Ypparlege skip i nordområda

Dei nye skipa er konstruerte for tøffe isforhold, og Stig Remøy meiner dei vil passe som hand i hanske på oljefelta som nyst er oppdaga i nord. Statoil har uttalt at nordområda vil bli eit kjerneområde for dei, og Olympic Shipping er klare til å satse.

Men Stig Remøy er tydeleg på at reiarlaget har som strategi å satse også andre stader enn på norsk sokkel. Dei har skip blant anna i Brasil, USA og India, og har gjort administrative investeringar både i Brasil og Singapore. I Brasil har dei seks skip, og i løpet av året vil dei ha 10 tilsette i Brasil.

Han fryktar ikkje konkurranse frå Kina:

– Kina er ingen trussel, men ei utfordring. Vi skal leve av konkurranse, og vi har blitt ei vekstnæring fordi vi har fått tak i verdsmarknaden. Å setje ein raud ring rundt Noreg ville ikkje vere klokt. Vi må inn på andre soklar med produkta våre. Norske reiarlag og maritim industri har blitt ein internasjonal kraft, slår Stig Remøy fast.

Eit reint sunnmørsprodukt

Med lokalt reiarlag, lokal designar og lokalt verft, er “Olympic Commander” langt på veg eit reint sunnmørsprodukt.

Skipet er tinga av Olympic Shipping i Fosnavåg, designa av Marin Teknikk i Tjørvåg og bygt ved Kleven Verft i Ulsteinvik. Hareid Group har stått for dei elektriske installasjonane. Det same blir tilfelle med dei to søsterskipa, som Kleven skal levere i juni og november i år.

Med ein stykkpris på om lag 400 millionar kroner genererer dei ei stor verdiskaping og sysselsetjing i nærmiljøet og elles på Sunnmøre.