Bente Nesse (t.v.) overlet stafettpinnen til Trygve Solaas som vert ny verftsdirektør ved Havyard Ship Technology i Leirvik. Nesse vil heretter ha base ved selskapets hovedkontor i Fosnavåg der HR-direktøren vil ansvar for kompetanse, kvalitet og motivering av medarbeidarar i heile konsernet.

Noverande prosjektdirektør ved Havyard Ship Technology, Trygve Solaas, vert ny verftsdirektør i Leirvik i Sogn. Solaas vil i tillegg ha funksjonen som prosjektdirektør. 49-åringen tiltrer stillinga ved nyttårsskiftet.

Den ny verftsdirektøren har "gått gradene" innan skipsbyggingsindustrien heilt sidan 1979.

Han har, med eit par korte avbrekk, vore tilsett i Havyard Group sidan konsernet overtok verftet i 2000.

Verdikjede

- Eg gler meg til å ta fatt på dei nye oppgåvene. Det som vert viktig framover er å gjennomføre nybyggingsprosjekt på ein økonomisk og rasjonell måte, og då vert vidareutvikling av anlegg og prosessar viktige element. Minst like viktig er likevel utviklinga av kompetente og motiverte medarbeidarar i alle ledd for å sikre skipsbyggingskompetanse for framtida, uttalar Trygve Solaas som til dagleg vil rapportere direkte til operasjonsdirektør i Havyard Group AS, Kenneth Pettersen.

HR i fokus

HR-direktør i Havyard Group AS, Bente Nesse, som sidan 2009 har hatt funksjonen som verftsdirektør i Leirvik, vil frå no ha HR-funksjonen som hovudoppgåve. Nesse vil ha Havyard Groups hovudkontor i Fosnavåg som base. 55-åringen vil også ha ansvaret for områda helse- miljø og sikkerheit (HMS) og kvalitet ved verftet i Leirvik og i konsernet elles.

Nesse byrja i Leirvik i oktober 2004 som personalsjef. Ho har vore verftsdirektør sidan juni 2009 i tillegg til å ha funksjonen som HR-direktør. Også Nesse gler seg til å gå laus på dei nye utfordringane.

- Eg ser fram til å jobbe med HR på konsernnivå. Kompetanseutvikling vil vere ein viktig konkurransefaktor for næringa i framtida, og skikkeleg satsing på dette feltet er viktig. Også vidare utvikling og stor fokus på kvalitet og helse- og miljø er viktig i forhold til både tilsette og kundar, seier Bente Nesse i ein kommentar.

Nøgd

Administrerande direktør i Havyard Group AS, Geir Johan Bakke, har stor tru på at endringane vil styrke konsernet.

- Både Bente og Trygve har vore sentrale og viktige i den positive utviklinga vi har hatt i konsernet, og ikkje minst i Havyard Ship Technology i Leirvik, dei siste åra. Vi har utvikla oss frå å vere eit norsk skipsverft til eit internasjonalt konsern som tek hand om store delar av verdikjeda. Eg er sikker på at Trygve vil sørgje for å vidareutvikle verftet i Leirvik i riktig retning. Havyard Group ynskjer i tillegg å ha enda større fokus på kompetanse og motivering av medarbeidarane i tida som kjem, og her vil Bente Nesse, med si breie erfaring, få ei sentral rolle i tida som kjem, opplyser administrerande direktør i Havyard Group AS, Geir Johan Bakke.