Ein samrøystes fylkesjury har kåra Herøy helse- og omsorgssenter til vinnar av konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk» i Møre og Romsdal. Juryen peikar på at Herøy helse- og omsorgssenter skil seg ut ved at menyane er svært fristande.

Middagsmenyane inneheld mykje heimelaga mat som gjenspeglar sesongane og er ofte basert på lokale råvarer, heiter det i ei pressemelding frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Juryen har også lagt vekt på at balansen mellom dei ulike råvarene er god, presentasjonen på tallerkenen er innbydande og rettane sine fargekombinasjonar hevar måltida. Dette gjev appetittvekkande og næringsrik mat. Borda ser koselege ut og matsalen framstår som svært hyggeleg. Totalinntrykket av stemninga kring måltida gjer difor denne institusjonen til ein klar vinnar. Herøy helse- og omsorgssenter tenkjer heilskapleg, og dei nyttar alltid «Kosthåndboka» ved planlegging av menyane. Balansen mellom dei ulike råvarene sørgjer for god ernæring.

- Ved besøk på institusjonen fikk juryen oppleve roleg og fin stemning der dei tilsette behandla bebuarane svært venleg  og imøtekomande, og alle synte gjensidig glede og interesse  for kvarandre, heiter de ti uttalen frå juryen.

Herøy helse og omsorgssenter går no vidare til den nasjonale finalen og skal konkurrere mot vinnarane frå dei andre fylka. Men først skal fylkes-sigeren feirast med fest for bebuarar, tilsette, og inviterte gjester.

- Vi har alt fått større engasjement rundt måltidsopplevinga for bebuarane. Målsettinga vår er heile tida å strekke oss endå litt lenger for å gjere det betre, og denne konkurransen har så absolutt vore med på å heve kvaliteten på det vi driv med. Stor takk til dei som kom på denne ideen!, seier kjøkkensjef Bjørg Warholm om Herøy helse- og omsorgssenter si oppleving av å være med i en slik konkurranse

«Gylne måltidsøyeblikk»:

Gjennom satsinga «Gylne måltidsøyeblikk» inviterte statsråd Sylvi Listhaug tidlegare i år alle sjuke- og aldersinstitusjonar til å delta i ein konkurranse for å løfte fram dei hyggelege måltidsstundene. Konkurransen er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med å betre matomsorga på alle norske sjuke- og aldersheimar. Målet er å auke medvitet om maten og kva måltida har å seie for dei eldre.

Det er i alt 8 kommunar og 9 institusjonar i Møre og Romsdal som har delteke i konkurransen. Dei har sendt inn bilete frå ein heil vekemeny saman med informasjon om organiseringa av måltida ved institusjonen. Tre av institusjonane gjekk vidare til finalen, og vart besøkt av juryen.

- Konkurransen har skapt stor entusiasme hos dei tilsette på alders-og sjukeheimane rundt om i fylket. Det er svært gledeleg å sjå kor mykje «matomsorg» som vert utført kvar dag, og kor mykje god mat som vert servert, heiter det i pressemeldinga frå Fylkesmannen.