Rolls-Royce har inngått kontrakt med det amerikanske reiarlaget Edison Chouest Offshore om levering av dekksmaskineri til fire store ankerhandteringsfarty. Fartya er designa av North American Shipbuilder Inc. og skal bygges i Brasil av Estaleiro Navship LTDA.

Kontrakta har ein verdi for Rolls-Royce er på 500 millionar kroner.

Dei fire fartøya er utviklet hovudsakleg for oppdrag i brasilianske farvatn og skal gå inn i ei åtte års kontrakt med det brasilianske oljeselskapet Petrobras.

Leveransen frå Rolls-Royce omfattar lavtrykksvinsjar, hekkrullar, ankerhandteringskraner og såkalla anchor launch and recovery systems (A-LARS). I leveransen inngår også alle mekaniske, hydrauliske og elektriske system.

- Vi er glade for at Edison Chouest har valt utstyr frå Rolls-Royce utstyr til desse nye, avanserte fartya, seier Runar Hjelle, Regional Sales Manager Deck Machinery Anchor Handling & Supply hos Rolls-Royce i Brattvåg.

– Den kjunnskapen teamet vårt har kring offshoreoperasjonar har vore avgjerande i samarbeidet med reiarlaget og designselskapet. Vi gler oss til det vidare samarbeidet med dei, seier Hjelle.

Den første leveranse skal finne stad i mars 2015, den siste i januar 2017.