Det er førebels for tidleg å seie noko om kor mange årsverk dette gjeld, eller kva butikkar som blir stengde, skriv E24.

– Det er ei krevjande tid for varehandelen med ein ekstrem situasjon på pris og margin, seier administrerande direktør Linda Frid Andresen i Elkjøp til E24.

I 2022 vart det gjort fleire tiltak for å redusere kostnadene og effektivisere drifta, men dette har ikkje vore nok.

Konsernet Elkjøp har totalt rundt 11.000 medarbeidarar i Norden. Ifølgje eigne nettsider har selskapet 4.000 medarbeidarar og rundt 150 butikkar i Noreg.

Får ikkje konsekvensar for lokale butikkar

Ingar Teigene, dagleg leiar i HG Handel, fortel til Sunnmørsposten at det ikkje er planar om å verken legge ned eller nedbemanne i deira fire butikkar. HG Handel driv Elkjøp-butikkar i Ulsteinvik, Volda, Ålesund og Molde.

– Ingen av våre 135 tilsette treng å vere redde for oppseiingar no, seier Teigene til avisa.