K. Nordang as har valt Marina Solutions as som leverandør av betongbryggjer til eit større bustadprosjekt i Brattvåg.

Anlegget inneheld 110 meter med betongbryggjer. Saman med landgangar, forankring, straum- og vasspostar, skal anlegget vere ferdig montert primo desember.

Bryggja skal ligge langs med fast kaifront framfor eit større bustadprosjekt som K. Nordang har under oppføring.

– Vi er stolte over å få kontrakt med ein så solid kunde i byggjemarknaden. Prosjektet er moderne med kvalitet i alle ledd, og det at vi får levere i inneverande år er også svært gledeleg, kommenterer Tommy Giil i Marina Solutions.