Det kjem fram i ei børsmelding måndag ettermiddag.

Kontrakten for CSV-skipet «Rem Poseidon», som vart levert frå Kleven Verft i 2009, mellom Rem Ship AS og Adams Offshore er altså terminert som følgje av kontraktsbrot fra befraktar si side, eller Adams Offshore. Rem Ship AS har likevel bankgarantiar som sikrar betaling til utgangen av andre kvartal.

Tilbake i juni 2014 blei det frå Rem Offshore opplyst om langtidskontrakt for «Rem Poseidon», som eigentleg skulle halde fram til sommaren 2017. No er avtalen derimot avslutta heile 16 månader før tida. I kontrakten var det også opsjonar på ekstra 2 gonger 6 månader.