I mai i år blei det kjent at Havyard Group ASA blir 100 prosent eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft, men at seljarane blir dei største aksjonærane i det samanslegne selskapet.

Før helga blei det kjent at det Herøy-baserte selskapet endrar namn. Styret i selskapet har føreslått å endre namnet til Eqva ASA, og selskapet får også ein ny ticker på Oslo Børs. HYARD blir no EQVA. Det skriv Havyard Group, no Eqva, på sine eigne heimesider (ekstern lenkje).

Namneendringa skal reflektere selskapet sin vekststrategi og markerer ein transformasjon til eit fullstendig integrert serviceselskap, som skal bidra til grøn omstilling i maritime, kraftkrevjande og fornybare industriar.

Sjølve namnet kjem av å kombinere bokstavane «Eq», som er starten på orda equal (lik), equity (eigenkapital) og equality (likestilling). Bokstavane «va» skal vere ein assosiasjon til det norske ordet «vatn», eit signal om eit selskap som er stolt av arva si som eit maritimt selskap.

– Verda endrar seg raskt, og vi ser sterke makrotrendar som vil auke etterspurnaden etter nye digitale og berekraftige løysingar. Vi ønsker å vere i front med å skape slike løysingar og er godt utrusta til å dra fordelar av makrotrendane med våre varierte tenester. (...) Selskapet er godt plasserte til å ta leiinga, til å vere ein ansvarleg eigar med eit langsiktig investeringsperspektiv – med eit mål om å maksimere profitt over tid, seier styreleiar Even Matre Ellingsen til Havyard, no Eqva, sine heimesider.