I sitt alternative budsjett har Venstre eit klart mål om at alle kystvaktfartøy, ferjer og hurtigbåtar innan 2030 ska ha nullutslepp. Dessutan ønskjer partiet at anbod knytte til utsleppsteknologi skal vere gjeldande allereie frå og med 2016.

– Vi har makt til å gjere noko med dette no, seier fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde til smp.no.

Samstundes konstaterer ho at det var ein suksess å hente leiarane for partiet til Sunnmøre og Norsk Maritimt Kompetansesenter framføre valet i haust.

Partileiar Trine Skei Grande og Abid Raja blei begge kjende med situasjonen i fylket, og også enkeltsituasjonar, som den på sambandet Hareid-Sulesund.

Venstre vil helst at regjeringa nyttar pengar på ny ferjeteknologi.

– Vi set krav til både stat og fylke som har ansvar for veldig mange ferjer. Vi vil ha nullutsleppsferjer. Slik at det må byggast nye, seier Gjerde.