- Vi har kjøpt SmartMotor AS som held til i Trondheim. Dei blir eit heileigd aksjeselskap av oss, seier kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls Royce til smp.no.
SmartMotor AS er eit ingeniørselskap med 35 tilsette. Selskapet spring ut av NTNU-miljøet i Trondheim.
Dei driv med såkalla magnet-teknologi, og har levert tunnel-thrustarar til Rolls Royce Marine dei siste åra.
Stort potensiale
- Vi ser eit stort potensiale for framtida til denne teknologien, både med tanke på å utvikle fleire av dei produkta vi produserer, og med tanke på nyutvikling, seier Bonnevie Wollebæk til smp.no.
Smart Motor AS hadde eit negativt årsresultat på om lag ein million kroner i 2011. Ifølgje dagleg leiar Ståle Svenning skyldast dette fleire store investeringar dei site åra.