Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Oljeutvinningsselskapa stod i 2015 for nøyaktig 50 prosent av selskapsskatten. I 2014 betalte dei 140 milliardar kroner i skatt, dobbelt så mykje som i 2015.
Utlikna skatt for landbasert verksemd snudde nedgangen, og auka med 2,4 milliardar til 64,1 milliardar kroner.
Toppåret for selskapsskatten var i 2008, då staten fekk inn 320 milliardar kroner. Den gongen var oljeskatten 254 milliardar.