- Det er førebels for tidleg å seie noko om kva stader som vert råka av nedskjeringane, seier kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Anette Bonnevie Wollebæk til Vikebladet Vestposten.

Ho forklarer at dei først må gjennom ein prosess der dei mellom anna må diskutere oppseiingane med dei einskilde fagforeiningane.

- Men i slutten av mai reknar eg med at vi kan ha fått på plass detaljane rundt kven som må gå og kvar desse arbeider, fortel ho.

Her i fylket har Rolls-Royce Marine har avdelingar i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund og i Haram. I tillegg har dei avdelingar i Hordaland.

I følgje Wollebæk skjer nedskjeringane denne gongen i de fleste deler av organisasjonen, og mellomleiarane vil være blant dei som blir råka. Mest truleg vil nedskjeringane i stor grad skje i avdelingane på Nordvestlandet

Kutta var kunngjort på allmøte ved dei einskilde avdelingane i formiddag.

- Kva tilbakemeldingar har de fått frå dei tilsette?

- Det har sjølvsagt ikkje vore noko oppløfta stemning.  Likevel kjem ikkje dette som noko stor overrasking, ettersom vi i fjor haust fekk signal frå leiinga om ei venta reduseringa på 400 tilsette i marinedivisjonen på verdsbasis  i løpet av 2016.

Smp.no meldte tidlegare i dag at dei har grunn til å tru at oppseiingane kjem seinast i 3. kvartal.

- Kvar dei har dette frå veit eg ikkje. Vi har ikkje gått ut med noko konkrete tidspunkt for denne prosessen. Først skal vi ha ei god drøftingsprosess internt, fortel Wollebæk.