Jan Ove Gjerde er NITO-formann ved Rolls-Royce Propulsion i Ulsteinvik. Han kan rapportere om ei spent stemning på jobb no om dagen etter at det vart klart at 150 tilsette i Rolls-Royce sin norske marinedivisjon skal seiast opp.

- Vi veit ikkje kor mange som må gå her i Ulsteinvik enno, men tidene gjer at det ikkje er så enkelt å skaffe seg nytt arbeid her i regionen, og tanken på å stå utan arbeid er tung for mange, kommenterer han.

Blant dei som er organiserte i NITO er det også nokre som er ektefeller/sambuarar og som begge har jobben sin ved Rolls-Royce, og for desse er konsekvensane store viss begge blir utan arbeid.

Men sjølv om stemninga er spent for tida, fortel Gjerde at det ikkje kom som noko sjokk då kunngjeringa om at 150 må gå kom på allmøtet torsdag.

- Kan ikkje gå her og tvinne tommeltottar

- Vi følgjer med, og vi kjenner godt til at nedgangen i oljebransjen har ført til færre kontraktar, seier Gjerde.

Sjølv om plassjef Dag Skarbø kom med ei tung beskjed torsdag, har Gjerde inntrykk av at dei tilsette forstår at noko må gjerast.

- Vi kan ikkje gå rundt på arbeid og tvinne tommeltottar, vi må ha noko å gjere på, slår han fast.

Har tru på ein ryddig prosess

Formannen i NITO ved Rolls-Royce Propulsion i Ulsteinvik fortel at det i alle fall hittil har vore ein god dialog med leiinga, og at dei tillitsvalde har fått lovnad om at det skal vere ein open og ryddig prosess framover.