Det var ikkje til å unngå at dei vekte litt oppsikt på sin veg, dei fire lastebilane som i morgontimane i dag køyrde i land på Hareid og enda opp ved Høghallen til Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik. Kvar bil hadde nemleg med seg kvar sin kranbom som måler nesten 25 meter. Dei fire bommane er delar til to såkalla traverskraner som skal monterast i Høghallen. Monteringa skal etter det vi kjenner til ta til allereie i morgon. Kvar kran vil ha ein løftekapasitet på 80 tonn.

I følgje Asle Johansen, distriktsalssjef ved Konecranes sitt kontor i Ulsteinvik, er kranbommane produsert i Ungarn. Deretter har dei blitt køyrt tvers gjennom Europa til Nederland og heile ekvipasjen har deretter blitt frakta med båt til Ålesund. På vegen mellom Ålesund er det fleire rundkøyringar som må passerast, men det ser ut til å ha gått greitt.

Steinportalane til Bård Brevik i rundkøyringa ved Saunesosen står i alle fall framleis.

Johansen fortel at den norske divisjonen i det finske selskapet Konecranes, leverer kraner av ulikt slag til landbasert industri og til konteinarhamner. Det er likevel uvanleg med leveransar i denne dimensjonen.

Geir Sundal,  leiar for Marine Services ved Rolls-Royce i Ulsteinvik, fortel at arbeidet med oppgraderinga av Høghallen går framover. Dei nye portane i endeveggane er for lengst på plass, utvendige plater er skifta ut og no skal det leggast nytt golv i akryl.

- Vi reknar med å opne hallen i midten av juni, seier Sundal.