34 prosent av norske bedrifter har eit udekka kompetansebehov. Aller størst er behovet for folk med høgare utdanning. Det er store forskjellar frå bransje til bransje og frå stad til stad i landet.

Berre 22 prosent av landets verksemder seier dei ikkje har udekka kompetansebehov i det heile, viser det ferske Vox-barometeret 2016. I undersøkinga er fleire enn 3000 norske bedrifter spurt om kva kompetanse dei treng no og om to år. Barometeret er laga av Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

- Arbeidslivet treng tilsette med både master- og bachelor. Halvparten av verksemdene som seier dei manglar kompetanse svarer at dei treng folk med høgare utdanning. Noreg har dessutan ein lågare andel med masterutdanning enn mellom anna Sverige og Danmark, seier direktør Gina Lund i Vox.

Fleire jobbar innan finans

Bransjeforskjellane er ganske store. Finans- og forsikringsverksemd og informasjon og kommunikasjon er dei næringane som i størst grad har eit udekka kompetansebehov, tett fulgt av undervisning.

I den motsette enden av skalaen er det transport og lagring som skiljer seg klart ut som den næringa som i størst grad alt har dekka behovet sitt for kompetanse. Vidare har overnattings- og serveringsverksemd og varehandel, reparasjon av motorvogner eit relativt lågt udekka kompetansebehov.

Sogn og Fjordane mangler flest folk

Det er særleg i Sogn og Fjordane dei etterspør folk med høg kompetanse. Heile 39 prosent av verksemdene i dette fylket har i stor eller nkon grad behov for meir kompetanse. Også Nordland og Møre og Romsdal har relativt mange verksemder med behov for kompetansepåfyll.

I den andre enden av skalaen finn me Vest-Agder, Nord-Trøndelag og Telemark. Her har rundt éin av fire verksemder eit udekka kompetansebehov.

– Omstilling er normalen i norsk arbeidsliv. Me må styrke kompetansen vår. Det vil seie at me må vere opne for nye oppgåver og meir ny kunnskap. I tida som kjem vil Norge si konkuranseevne hengje saman med kor god kompetanse me har og korleis me klarer å utnytte kompetansen, seier Gina Lund.

Les meir om kva kompetanse norske bedrifter treng i Vox-barometeret 2016 på vox.no.