I mai 2007 kom nyheita om at Kvalsvik AS i starten av 2008 skulle flytte produksjonen av kjøkken frå Hareid til Dombås. Mange av dei 20 som jobba i produksjonen den gongen sa ja til å flytte til Dombås for å jobbe vidare der. Avgjersla om å flytte blei tatt fordi verksemda byrja å få for lite plass, verksemda ville få lågare fraktutgifter og betre infrastruktur, samt betre kommunale tilskotsordningar.

No er nettopp Dovre kommune ein av aktørane som Kvalsvik AS er skuldig pengar. 1,7 millionar kroner i husleige skuldar firmaet kommunen.

– Dette har no blitt gjort om til eit langsiktig lån, fortel dagleg leiar i Kvalsvik AS, Geir Kvalsvik, til Gudbrandsdølen Dagningen.

Produksjonen slår seg konkurs

Dovre kommune hadde sett opp eit fabrikkbygg til 40 millionar kroner der Kvalsvik AS flytta produksjonen sin inn i. No slår den same produksjonsdelen seg konkurs.

Sunnmørsposten fortel at kort tid før Kvalsvik gjekk til skifteretten vart namnet på firmaet endra til til "Takk og farvel AS".

– Vi er i dialog med eit anna firma om å få produsert varene. Forhåpentligvis flyttar vi produksjonen tilbake til Sunnmøre, seier Kvalsvik til Sunnmørsposten.

I tillegg til pengane Kvalsvik skuldar Dovre kommune, har dei tilsette ifølgje Fellesforbundet fleire hundre tusen kroner uteståande i løn.

Svein Grandalen i Fellesforbundet fortel til Gudbrandsdølen Dagningen at han aldri har vore vitne til så mykje rot frå ein arbeidsgjevar.

Grandalen peikar på at verksemda opererte med ein «nordsjøturnus», med 12-timarsdagar for dei utanlandske arbeidarane.

– Vi kontakta Arbeidstilsynet straks etter dei første avisoppslaga og bad dei kome hit for å gå gjennom dette, fortel Geir Kvalsvik til Sunnmørsposten.

Tjuverianklagar

Kvalsvik fortel til Sunnmørsposten at han ved fleire høve har følt seg forfølgd av lokalavisa Gudbrandsdølen Dagningen. Mellom anna har avisa skrive at bedrifta ikkje betalar renovasjonsavgift.

Måndag melde bedriftsleiaren fleire av dei polske tilsette for tjuveri. Ifølgje Kvalsvik blei det funne fleire hundre kilo nyproduserte varer og verktøy frå fabrikken.

På spørsmål om Kvalsvik angrar på flyttinga frå Hareid, svarer han avisa kategorisk:

– Ja!