– Det blir stadig større fokus på drivstofforbruk, utslepp, støy og komfort om bord i båtane. Vi har no fått dokumentert at det systemet vi har utvikla, reduserer nivået av alt dette. Det er eit gjennombrot, seier salssjef ved ABB Ulsteinvik, Joar Gjerde.

Det at ABB kan vise til dokumenterte resultat gjer akkurat dette nye systemet banebrytande. ABB kan mellom anna vise til opp til 27 prosent redusert drivstofforbruk og 30 prosent støyreduksjon i motorrommet.

Forsyningsskipet «Dina Star» blei levert frå Kleven Yard i fjor, og det er om bord i dette skipet det nye utstyret har vore testa ut. Pon Power i samarbeid med ABB dokumentert resultata og fått dei stadfesta av ein tredjepart.

– Med dette styringssystemet kan eit skip med dieselelektrisk framdrift, som går med 1800 omdreiingar i minuttet og lite last, få redusert omdreiingane til 1200 i minuttet. Dette var ikkje mogleg tidlegare, men det har vi no gjort noko med, seier assisterande salssjef Kjell-Olav Kleppe. Han legg til:

– Vi kan med andre ord redusere omdreiingane på dieselmotorane i forhold til kraftbehovet til ei kvar tid. Motorane gjekk tidlegare med faste turtal. Med hjelp av teknologien og elektronikken vi har utvikla kan vi styre dette. Dette er ei langt meir optimal løysing i forhold til forbruket.

– Forsprang på konkurrentane

Teknologien er hovudsakleg utvikla av ABB i Ulsteinvik og hovudkontoret i Oslo.

– Det er dette vi skal leve av i framtida. Vi har eit solid forsprang på dei aller fleste konkurrentane våre når det gjeld teknologi, og vi er samstundes overbevist om at reiarlaga og oljeselskapa ser verdien av denne teknologien. Vi lever i eit høgkostland og vi er nøydde til å ligge ei båtlengd føre på teknologi og utvikling, noko vi gjer med dette styringssystemet. Det meiner vi at vi har gode bevis på gjennom det som no er dokumentert, seier salssjef Joar Gjerde.