– Nettolønsordninga har vore ei mellombels ordning sidan 1993 – så det at den no lovfestast er med på å sikre stabile rammevilkår for norske sjøfolk, seier Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest.
Det var gjennom den maritime strategien regjeringa la fram i mai i fjor at ein ytra eit ønskje om å lovfeste tilskotsordninga for sjøfolk. No skjer det altså.
– Formålet med nettolønsordninga har vore at vi skal ha eit betydeleg innslag av norske sjøfolk i den norske flåten. Vi treng den kompetansen som sjøfolka bringar med seg tilbake på land. Til designselskapa. utstyrsleverandørar og reiarlag, samt resten av klynga. Den erfaringsbaserte kompetansen dei har er usedvanleg viktig for at vi skal halde fram med å vere ein sjøfartsnasjon i front, seier Arnfinn Ingjerd.
– Positivt
Ingjerd fortel at han trur ei lovfesting av nettolønsordninga kan vere med på å sikre rammevilkåra.
– Det er mange som har vore skeptiske til ordninga, fordi den er ei form for subsidieordning. Men, grunngjevinga for det er at det er med på å halde på heile den maritime klynga. Difor er det positivt at den blir lovfesta. Då har ein sikra rammevilkåra. Den mellombelse perioden er over.
Ingjerd poengterer at også EU fokuserer på sine eigne sjøfolk.
– Det kan også nemnast at EU har det same regelverket for å sikre seg europeiske sjøfolk og ikkje berre asiatiske. Dei er elles i mot statsstøtte i dei aller fleste tilfelle, men for å halde på dei europeiske sjøfolka gjer dei i dette tilfellet eit unntak. Dette er det same regelverket som Norge også støttar seg til, og spesielt no som det blir lovfesta, seier Ingjerd.
Handlingsrom
Ingjerd er nøgd med den siste utviklinga, men meiner Norge kan gjere enno meir for å sikre framtida til sjøfolka sine.
– Det siste poenget er at vi no verkeleg har handlingsrom til å gjere ordninga enno betre. Det er land i Europa som har betre ordningar. Dette er noko Maritimt Forum har jobba gjennom mange år for å rette fokus på, for å få på plass ei betre ordning, som igjen let oss halde på sjøfolka våre. Det at den blir lovfesta er absolutt eit steg i riktig retning, men vi har framleis ein veg å gå.
– Taket må bort
I dag er det eit tak på nettolønsordninga som gjer at eit reiarlag berre kan krevje så og så mykje i refusjon per sjømann per år.
– Dette taket er i dag på ca. 210.000 kroner for ein som jobbar som sjømann offshore. Det seier seg sjølv at reiarlaga treng meir enn det. For sjølv om vi har nettolønsordninga hadde det framleis vore billigare om reiarlaga berre tilsette asiatiske sjøfolk. Reiarlaga knivar kontinuerleg om å få på plass på dei samla sett dyktigaste mannskapa, men ønskjer sjølvsagt å nytte flest mogleg norske, seier Ingjerd og legg til:
– Dette er eit tak som vi vil ha bort. Slik får vi meir konkurransedyktige sjøfolk, samanlikna med dei andre landa i Europa til dømes. Vi må fjerne taket for å auke kompetansedugleiken i nettolønsordninga.
I 2015 var omtrent 11.900 sjøfolk inkluderte i ordninga, fordelte på om lag 120 reiarlag.