Mats B. Sundbø er tilsett som dagleg leiar i SEVI TURBO AS, eit selskap i SEVI-gruppen. Sundbø har lang erfaring med sal og service av turboar. Han tek til i stillinga frå 01.01.2012

SEVI styrkjer med dette posisjonen sin som ein komplett leverandør av tenester og produkt til norsk industri, nasjonalt og globalt. Sundbø vil ha ansvaret for sal og service av turboar for fiskeri, offshore, oppdrett og landbasert industri.

- SEVI står for kvalitet i alle ledd og det er difor med stor glede vi har tilsett ein ressurs som Mats B. Sundbø i SEVI TURBO AS, seier styreleiar i SEVI TURBO AS Roger Kaldhol.

SEVI er ei gruppe av føretak innan elektroinstallasjon, maritim elektronikk, skipsservice, motorservice og turboservice med verkstadar i Fosnavåg, Kristiansund og Bergen.