Ulstein Verft leverte ‘Blue Thunder’, det fjerde av seksmellomstore plattformforsyningsfartøy av designen PX121 fråUlstein til Blue Ship Invest, måndag 13. mai 2013.

Blue ShipInvest, som er eit heileigd selskap i Ulstein Group, har inngåttein driftsavtale med Atlantic Offshore på plattformforsyningsfartøyet (PSV). ‘Blue Thunder’ skal inn på einfire-månaders kontrakt med Statoil, med ytterlegare fire månadlegeopsjonar.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå operatørane pådei tre systerskipa, og er svært nøgde medmat også dette skipet gårinn på fast kontrakt i Nordsjøen, seier Gunvor Ulstein, konsernsjefi Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping. Holegg til at dei to resterande fartøya også skal leverast i 2013, ogalle seks skipa er til sals.

PX121-designa skip vert inordsjøsamanheng rekna som mellomstore. Skip med denne designen harein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt(lastekapasitet). Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentetfor større PSV-ar, men til ein kostpris som gir god økonomiskvinst.

Skipa er bygde med X-Bow skroglinjeform som gjer at dei ereffektive ved ulike djupgangar, noko som er viktig for PSV-fartøysom går med varierande mengder last. I tillegg har X-BOW unikefordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grovsjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godttilpassa forholda i Nordsjøen og Nord-Atlanteren.

‘Blue Thunder’ er83,4 meter langt og 18 meter breitt og kan gjere ei maksimumsfartpå om lag 16 knop. Skipet har ein lastekapasitet på 4100 tonn(dwt), og dekksarealet er 850 kvadratmeter med ei dekkslast på 2200tonn. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker,har skipet fire tankar for brannfarlege væsker. ‘Blue Thunder’ harlugarkapasitet for 23 personar. Det er utstyrt med dynamiskposisjoneringssystem IMO klasse II og oppfyller DNV sine krav tilnotasjonen Clean Design.

Ulstein Power & Control har levert deielektriske systema til skipet, blant anna kraftdistribusjon ogelektrisk framdriftssystem, informasjons- og kommunikasjonssystem,modulære brukonsollar, integrerte navigasjonssystem og integrertautomasjonssystem.