Restruktureringsplanen til Havila Shipping ASA blei godkjent av obligasjonseigarane tysdag, og det med solid overtal.

Ifølgje ei børsmelding av 29. november 2016 blei det kalla inn til obligasjonseigarmøter for obligasjonslåna HAVI04, HAVI06/07 og HAVI08 tysdag 13. desember. Møta blei heldt med tilstrekkeleg oppmøte, og forslaga fekk stor tilslutning.

Så mange stemte for restruktureringsforslaget:

Hava 04:      91,57%

Hava 06/07: 99,47%

Hava 08:      96,03%

(Tal frå Nordic Trustee ASA.)

Med dette har altså obligasjonslåneigarane godkjent det som blir redningsplanen for Havila.

Det er Swedbank Norge og Fearnley Securities som gjennom prosessen har vore finansielle rådgjevarar for selskapet i høve restruktureringa. Wikborg Rein er juridisk rådgjevar for selskapet.

– Som forventa

Det var ein glad men audmjuk administrerande direktør Vikebladet Vestposten prata med dagen etter at obligasjonseigarane offisielt hadde sett godkjenningsstempel på restruktureringsplanen.

– Møtet på tysdag var meir som ei formell bekrefting av det dei aller fleste førehandsaksepterte i slutten av november. Så formelt var ikkje avtalen godkjent før dette tidspunktet. Men, vi hadde likevel forventa at det blei slik, og vi er sjølvsagt veldig godt nøgde med det, seier Njål Sævik.

– Det første steget

Sævik er samstundes klar på at ein ikkje på nokon måte kan kvile på laurbæra, sjølv om ein avtale no er godkjent av alle partar.

– Dette var det første formelle steget på veg til å kunne refinansiere selskapet. Men, det er ein vidare prosess no framover, som vil halde på til i slutten av februar. Det skal til dømes bli kalla inn til ei generalforsamling. Også andre formalitetar må på plass.

Sævik og dei andre tilsette i Havila er godt nøgde med at ein har kome eit viktig steg vidare.

– Vi er glade for at det blei stor nok tilslutning til planen som blei presentert, og at dette vil vere med på å berge selskapet. Tilbakemeldingane frå dei tilsette eg har snakka med er gode, og eg er klar for å køyre på vidare for å sikre selskapet si framtid, seier Njål Sævik til slutt.