Rolls-Royce har bestemt seg for å samle produksjonen av styremaskiner i fabrikken dei har i Brattvåg.

Dette betyr at fabrikken i Hagavik i Os ved Bergen vert lagt ned innan utgangen av 2016. Fabrikken i Hagavik har 122 tilsette.

- Ved Hagavik vert det berre produsert styremaskiner, medan Rolls-Royce i Brattvåg har fleire produksjonsliner og dermed også høve til å utnytte ressursane betre når marknaden svingar, skrive Rolls-Royse i ei pressemelding.

- Ikkje lett

- Dette har ikkje vore ei lett beslutning, og leiinga har gått mange rundar. Diverre har ordretilgangen på styremaskiner vore for lav til at vi kan forsvare å ha produksjon av desse på to stader, seier John Knudsen, konserndirektør for Commercial Marine i Rolls-Royce.

Knudsen er likevel nøgd med at konsernet har bestemt seg for å framleis halde på produksjonen i Noreg. Eitt alternativ var nemleg å flytte produksjonen ut av landet og til Aust-Europa.

- Vi har solid maritim kompetanse samla i verksemda vår her i Noreg, så difor er det gledeleg at produksjonen av styremaskiner held fram her til lands, meiner han.

Nokre av dei tilsette ved Hagavik vil bli overført til andre lokasjonar, medan andre får tilbod om jobb ved andre anlegg i Bergens-området eller på Nordvestlandet. Det vert også gitt tilbod om individuell stønad til jobbsøking.

Set roreti rørsle

Ei styremaskin set roret i rørsle etter signal frå skipsbrua. Styremaskinene frå Rolls-Royce vert levert til handelsflåten og til skip i offshoreindustrien. Produksjonen i Hagavik har i hovudsak gått til handelsflåten, medan Brattvåg har levert til offshorefarty. No vert alt samla i Brattvåg.