- Dei einaste som tener på at selskap slit er advokatar og rådgivarar. Det er ein tankekross, seier Kjersti Kleven til næringslivsportalen Nett.no (ekstern lenkje), som først skreiv om saka.

Kleven var som tidlegare styreleiar i Kleven-konsernet den som skulle stå i fronten for å hente inn frisk kapital. Kleven-konsernet hadde store kapitalbehov, og løysinga blei til slutt at eit knippe nye investorar, med Hurtigruten og milliardær Petter Stordalen i spissen, gjekk inn i selskapet. Totalt 300 millionar kroner i frisk kapital blei det ut av den avtalen.

- Alle aktørar stilte med advokatar og talknusarar. Det er i utgangspunktet ikkje noko galt i det og det er rett og slett nødvendig slik prosessane er strukturerte. (...) Isolert sett fekk vi også svært god hjelp av den advokaten vi engasjerte som investor, men spørsmålet er om det har gått vel langt og blitt sjølvforsterkande, seier Kjersti Kleven til Nett.no.

At utgiftene til advokatar og rådgjevarar generelt sett har auka såg ho også i si tid som styreleiar i Norsk Industri (2013-2015), fortel ho til næringslivsportalen. Ho seier også at ho kunne tenkt seg eit system som hindra at for mykje industrivenleg kapital går til advokatar og rådgjevarar.