Berre i løpet av dei fire første månadane av 2015 var det registrert ni konkursar på Hareidlandet. I løpet av første halvår av 2016 er det registrert fem konkursar i Ulstein og Hareid, tre i Ulstein og to i Hareid.

Mellom anna vart det opna konkurs i Weekend Pub på Hareid i mars i år, medan det også vart opna konkurs i Kokk'N Rolli i Ulsteinvik. I tillegg til dei tre konkursane i Ulstein kommune er det også gjennomført ei tvangsoppløysing.

Totalt vart det registrert 13 konkursar eller tvangsavviklingar i Ulstein og Hareid i løpet av 2015.

På den andre sida har det blitt registrert nærare 50 nye føretak i føretaksregisteret så langt i år. I Ulstein kommune er det registrert heile 32 nye føretak, mellom anna Bilhallen Ulsteinvik, Folk Spiseri og kommunikasjonsbyrået I4IT.

Også i Hareid er det registrert ei rekkje nye føretak i løpet av året, med 17 nye registreringar i føretaksregisteret sidan 1. januar.