Under årets Signalkonferanse var det Kjersti Kleven som fekk heidersprisen Årets verdiskaper av Innovasjon Norge. Prisen blir delt ut til ein person som på eineståande vis har bidrege til å skape store økonomiske verdiar for si verksemd og ei heil næring, skriv Innovasjon Norge på sine nettsider.

- Med bakgrunn i sin posisjon, kunnskap, engasjement og personligheit framstår vinnaren som ein god rollemodell for andre. Årets verdiskaper er visjonær, handlekraftig, har stort nettverk, og har byggs opp store økonomiske verdisr for si bedrift. Det er en stor glede å gi Innovasjon Norges heiderspris, Årets verdiskaper til Kjersti Kleven, sa næringsminister Monica Mæland under konferansen.

- Ein blir audmjuk og det er rørande også å få ei slik merksemd, sa Kleven etter å ha motteke prisen.

- Eg opplever dette som ei veldig positiv anerkjenning, både av rolla eg har i eiga bedrift, men også for jobben eg har bidrege til i bransjesamanheng. Eeg har mange gode medarbeidarar, og det er også deira sin forteneste at eg står her i dag. For meg er dette både inspirerende og motiverende, seier Kjersti Kleven.